http://www.nationen.no/landbruk/article4798293.ece


I dei tre første kvartala i 2009 vart det ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) igangsett bygging av 118.107 kvadratmeter landbruksbygg.
Det er den lågaste byggjeaktiviteten som er registrert sidan målingane starta tidleg på 90-talet.
I same periode i 2008 før var byggjeaktiviteten langt over det doble. Og fjøs- og driftsbygningsarealet som bøndene starta å byggje dei ni første månadene i 2007 er over tre gonger så stort som same periode i fjor.
Sjå oversikt over nybygging i landbruket dei siste ti åra her.
– Nedgangen har vore ekstremt stor innan landbruksbygg. Det er den største nedgangen som er registrert, og pilene peiker også langt brattare nedover for landbruk enn innan andre næringar, seier sjeføkonom i Prognosesenteret, Kjell Senneset.
Senneset peiker på at den samla nedgangen for næringsbygg er på rundt 20 prosent, og nedgangen i landbruket på nær 75 prosent er dermed i ein eigen divisjon.
Byggjeaktiviteten i landbruket har lenge vore relativt stabil, men dei siste 5–10 åra har det blitt sterkare tendensar til større svingingar. I fleire år låg igangsette landbruksbygg i årets ni første månader på pluss minus 350.000 kvadratmeter. Men etter toppåret 2007 med over 450.000 kvadratmeter har det gått bratt nedover.
Senneset rekner med at nedgangen i byggjeaktiviteten representerer ein tørke i investeringane på fleire milliardar kroner. Det får ringverknader langt ut over landbruksmiljøet.
– Handverkarar og små- og mellomstore byggjefirma i distrikta blir hardast ramma av nedgangen. Sjølv om nedgangen for landbruksbygg ikkje står for så veldig mange prosent av den samla nedgangen i byggjeaktiviteten, så rammar den hardt i landbrukstunge område og i dei selskapa som har spesialisert seg på denne sektoren, seier Senneset.
Årsakene og samanhengane bak stupet i bøndenes byggjeaktivitet vil han overlate til andre å forklare, men han antydar at det truleg har med rammevilkår og landbrukspolitikk å gjere.
Her er fylkesoversikt over bygginga siste to år.
Leiar i Norges Bondelag, Nils T. Bjørke, er bekymra.
– Dette er eit alvorleg varsku, og eit tydeleg signal om at økonomien i landbruket må bli betre. Kostnadsutviklinga vi har hatt den siste tida har vore så stor at den går ut over både investeringsviljen og investeringsevna, seier Bjørke, og meir enn antydar at bondeinntektene må opp.
Bondelagsleiaren meiner nedgangen er ekstra alvorleg sidan behovet for nye driftsbygningar i landbruket er stort.
– Behovet er stort innan omtrent alle sektorar i landbruket. Mange har eldre fjøs og driftsbygningar som treng fornying, og det er også fleire produksjonar der offentlege krav gjer det nødvendig å byggje nytt, seier Bjørke og trekkjer fram nye krav til bur i hønehus frå 2012 som eit døme på regelendringar som fører til store investeringsbehov.
I år er det derimot utsikter til større byggjeaktivitet i landbruket.
Regjeringa auka tilskota til investeringar som følgje av finanskrisa, noko som førte til at det vart innvilga 435 millionar kroner i investeringstilskot til både tradisjonelle og nye næringar i landbruk i 2009, pluss ein pott til rentestøtte. Året før var tilskotsbeløpet på 320 millionar kroner.
Ifølgje Innovasjon Norge fekk mange tilslag om støtte i andre halvår, og fleire byggjeprosjekt vil derfor ha oppstart utover vinteren og våren i år.
– Slik sett kan det tenkjast at byggjeaktiviteten vil ta seg opp, men det er mange andre faktorar som også spelar inn, seier Kjell Bruvoll, som er sektoransvarleg for landbruk i Innovasjon Norge.
Fleire fylke klarde ikkje bruke opp investeringsstøtta innan 2009 var omme, dels på grunn av få søknader og dels grunna knapp tid.
Fleire titals millionar av løyvinga vil derfor bli overført til 2010. Dette forhindrar derimot ikkje at den samla investeringsstøtta til landbruket går ned frå i fjor til i år.
– Den reelle nedgangen blir nok på 70–80 millionar kroner, men årets nivå ligg høgare enn for åra før 2009, seier Bruvoll.
Byggjestatistikken til SSB er basert på kommunal rapportering til matrikkelen i Statens kartverk. Eit visst etterslep i rapporteringa er vanleg, og landbruksbygg som blir feilført i andre kategoriar vil ikkje kome med i denne oversikta.
Bygging i landbruket
• Landbruket har i fleire av dei siste åra stått for 20 prosent av den samla byggeaktiviteten innan private næringsbygg her i landet, målt etter kvadratmeter. Byggjeaktiviteten i landbruket representerer investeringar på mange milliardar kroner kvart år. Utbygging og nybygg av bustadhus på gardsbruk er ikkje inkludert i tala.
• 2007 var eit toppår der det for året samla blei gitt igangsettingsklarering for bygging av 630.000 kvadratmeter nye landbruksbygg innanfor kategoriane husdyrbygning, lager for fôr eller grønsaker, silo, veksthus, seterhus, koie eller annan landbruksbygning.
• I 2008 var det sterk nedgang i byggeaktiviteten og det blei gitt igangsettingsklarering for rundt 350.000 kvadratmeter, og nedgang held fram.
• Detaljstatistikken som er ferskast viser at i dei ni første månadene av 2009 vart det berre sett i gang bygging av 118.107 kvadratmeter landbruksbygg. Det er 166.000 kvadratmeter mindre enn same periode året før, og heile 332.266 kvadratmeter mindre enn toppåret 2007.
• Byggjeaktiviteten var størst i Rogaland, tett følgt av Hedmark, Hordaland og Oppland.
• Her er oversikten av igangsette kvadratmeter landbruksbygg i årets tre første kvartal:
• Årstal kvadratmeter 2009 118.107
• 2008 284.337
• 2007 450.373
• 2006 332.450
• 2005 351.094
• 2004 417.692
• 2003 328.695
• 2002 358.139
• 2001 278.851
• 2000 289.727
• Kjelde: Statistisk Sentralbyrå og Prognosesenteret.