Kuldemontør/teknikar

    0

    Nettside GK Gruppen AS

    GK Gruppen er Skandinavias ledende leverandør av teknikk i bygg med en omsetning på over 6 milliarder kroner. Med rundt 3100 ansatte og 84 kontorer i Norge, Sverige og Danmark leverer vi smarte og bærekraftige løsninger innen ventilasjon, kulde, byggautomasjon, elektro og rør. Vår misjon er å bygge bærekraftige samfunn for generasjoner.

    Vil du jobbe med energieffektive og miljøvennlege løysningar?
    GK søker etter kjøleteknikar til vår kontorstad i Ålesund

    Har du fagleg stoltheit og vil jobbe med bransjens mest framtidsretta teknologi og bidra til eit berekraftig og betre miljø? Da vil du passe her hjå oss i GK!

    Hos GK vil du få jobbe sjølvstendig i større og mindre oppdrag, og som vårt ansikt utad så det er viktig for oss at du bidreg til ei god kundeoppleving og utfører godt teknisk arbeid.. Du vil bli utfordra gjennom totaltekniske problemstillingar, og vil være ansvarleg for at alle oppdrag blir gjennomført etter dei krav og sikkerheitsrutinar som er fastsett. Vi ser etter deg som er fagleg interessert og vil jobbe for eit betre miljø.

    Distrikt GK Nordvest har totalt 84 tilsette innan ventilasjon, service, byggautomasjon, kulde og energi, der 27 av dei er lokalisert i Ålesund. Med so mange kompetente medarbeidarar vil du bli ein del av eit særs godt kompetansemiljø som du kan utvikle deg vidare i. Vi er opptekne av berekraft og har stort fokus på innovasjon og utvikling, og ynskjer å vere ein pådrivar for ein meir berekraftig bransje. Difor er vi opptekne av å levere høg kvalitet som sikrar gode bygg med sunn driftsøkonomi også for neste generasjon.

    Arbeidsoppgåver:

    • Montasje, service og vedlikehald av kuldeanlegg og varmepumper innan: Næringsbygg,
    • Isvatn og større varmepumper
    • Butikk, Kjøl/frys og klima
    • Maritimt, on/offshore, Isvatn og proviant
    • Prosessindustri, Prosesskjøling og teknisk kjøling
    • Pelagisk industri, kjøl/frys, tørke, tunnellfrys
    • Ikt/tele, kjøling serverrom ol.
    • Kundeansvar og engasjement
    • Foreslå og gjennomføre systemforbetringar
    • Reiseverksemd kan førekomme inn/utland

    Føretrukne kvalifikasjonar:

    • Fortrinnsvis fagbrev som kuldemontør/-teknikar. Personar med relevant erfaring kan også søke
    • F-gass klasse 1
    • Kjennskap til isvannsmaskiner/system er en fordel
    • Erfaring frå CO2 og/eller R290 er en fordel
    • Gjerne sikkerheitskurs og offshore erfaring
    • God generell teknisk innsikt i elektro, vannsystem og ventilasjon
    • Serviceinnstilt og samarbeidsorientert
    • Omgjengeleg, serviceinnstilt, sjølvstendig og lærevillig.

    Vi kan tilby:

    • Ei interessant stilling i eit selskap i utvikling, i eit stort konsern med solid økonomi
    • Utfordrande arbeidsoppgåver og gode utviklingsmoglegheiter
    • Kurs og etterutdanning
    • Gode datasystem for prosjekt- og økonomistyring
    • Gode pensjons-, lønns- og forsikringsforhold
    • Bil- og telefonordning

    Søknadsfrist: 18.04.2021

    Arbeidssted: Møre og Romsdal

    Kontakt
    Rasmus Kleiven Skjong
    Avdelingsleder
    980 10 280

    To apply for this job please visit candidate.hr-manager.net.